Aktuelt
Septemberkonferansen 2017: Traumer og smerteuttrykk
- 15/03/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Førebygging Kriser omsorgssvikt Psykisk helse Sjølvmordsførebygging Sjølvskading Traume Traumebevisst Vold

Arbeidsgruppa jobbar med å få klart endeleg program: F.v: Steinar Hvål, Sylvi Fiskerstrand, Dag Nordanger, Geir Olsen, Reidar Thyholdt og Renate Haukeland.
Septemberkonferansen 2017 har fått tittelen «Traumer og smerteuttrykk – Når symptomer og atferd er mestring av vonde erfaringer». Konferansen rettar fokus mot korleis symptom og atferd kan forståast som forsøk på å handtere den overveldande smerten forbunde med traumatiske belastningar.
Å sjå bak det ytre atferdsuttrykket og mot kva det betyr, er viktig for forståing og behandling av menneske som har opplevd store belastningar. Samstundes kan dei ulike smerteuttrykka utfordre oss på måtar som gjer oss usikre og makteslause, og forhindre ein traumebevisst tilnærming til andre si smerte.
Septemberkonferansen 2017 set søkjelys på utfordrande smerteuttrykk som kronisk suicidalitet, sjølvskading, rus, spiseforstyrringar og vald og korleis desse har samanheng med vonde erfaringar.
Men først og fremst er fokus på korleis vi kan møte desse smerteuttrykka med klokskap, og hjelpe traumeutsette barn, ungdom og vaksne til betre handtering av følelsesmessig smerte.
Les om førelesarar og meld deg på:
Septemberkonferansen.no