Sanne Bach Skorpen

Sanne Bach Skorpen

psykologspesialist

Telefon: 41 12 78 87
E-post: sanne.bach.skorpen(at)helse-bergen.no

Mine arbeidsområde er undervisning, rettleiing og tenesteutvikling innan komplekse traume, sekundærtraumatisering, sjølvmordsforebygging og valdsforebygging.

Eg brenn for kompetanseheving innan komplekse traume og dissosiative lidingar. Eg er oppteken av at traumepasientar får behandling tilpassa deira robusthetsnivå, då eg har erfaring med at mange har blitt overstimulert eller har fått tilbakefall på grunn av for tidleg eksponering av traumeminna. Eg brenn vidare for at pasientar med samtidig rus- og traumeproblematikk skal få hjelp med traumene parallelt med rusproblematikken, då dette i ein del komplekse tilfelle er avgjerande for å få effekt av rusbehandlinga. Eg brenn også for at den hjelpa som vert gjeve ved sjølvdestruktivitet og utagering har fokus på funksjonen og årsakene til symptomene, slik at hjelpen fører til auka stabilitet over tid.

Fram til 2014 jobba eg innan barne- og ungdomsfeltet både i kommune- og spesialisthelsetenesta. Frå 2014 har eg jobba med vaksne med rusproblematikk samt ungdom i fare for å utvikle rusproblem, både kommunalt og i Avdeling for rusmedisin sin poliklinikk ved Haukeland universitetssjukehus.

Både på barne- og vaksenfeltet har eg jobba mykje med behandling av, rettleiing og undervisning om kompleks traumeproblematikk og dissosiasjon. Eg har både i kommune og AFR leia grupper utfra manualen «Tilbake til Nåtid» som er Modum Bad si vidareutvikling av Suzette Boon sin Trauma-related Dissociation (2011). Eg har jobba klinisk med sjølvmordsproblematikk og alvorleg sjølvskading og har sidan desember 2020 deltwke i arbeidsgruppe som reviderer nasjonal faglig retningsline for sjølvmordsforebygging i regi av Helsedirektoratet.

Eg er utdanna psykolog ved Universitetet i Aalborg og har spesialisering med fordjupning i klinisk barne- og ungdomspsykologi. Eg har  vidareutdanning innan komplekse traume og dissosiasjon av personligheten, samt sensorimotorisk psykoterapi level I og II. Eg er sertifisert rettleiar innan Emosjonsfokusert ferdighetstrening for foreldre (EFST).