Aktuelt
I samarbeid med BUFetat vest, driv vi med ICDP som del av program for foreldrerettleiing for omsorgsgjevarar med minoritetsbakgrunn.
Kva er ICDP?
International Child Development Program (ICDP) er eit enkelt, helsefremjande og førebyggjande program som har som mål å styrkje omsorgen og oppveksten for barn og unge. Det rettar seg mot omsorgsgjevarar og skal styrkje deira omsorgskompetanse. ICDP-programmet vart utvikla av professor Karsten Hundeide og professor Henning Rye ved Universitetet i Oslo. ICDP-programmet er anerkjent og nytta av bl.a. UNICEF og WHO (Kjelde: ICDP Norge).
Mål med ICDP-programmet
- Fremje positiv oppfatning av, og haldning til barnet
- Støtte opp under foreldre si omsorgsevne og fremje omsorgsgjevaren si oppfatning av seg sjølv som kompetent og mestrande
- Påvirke omsorgsgjevaren si forståing av kor viktig samhandlinga mellom omsorgsgjevaren og barnet er for barnet si utvikling
- Byggje bru mellom foreldra sine tradisjonelle omsorgsverdiar og dei verdiane dei møter i det norske samfunnet
Opplæringa er for rettleiarar i minoritetsversjonen av ICDP.16 deltakarar følgjer opplæringa hausten 2012/våren 2013 for å bli sertifisert som ICDP-rettleiarar. Desse skal leie grupper for foreldre/omsorgsgjevarar med ulik etnisk minoritetsbakgrunn. Ca. halvparten av dei framtidige rettleiarane er etnisk norske, medan andre halvdel kjem frå Iran, Afghanistan, Palestina, Eritrea og Somalia. Foreldregruppene skal føregå på foreldra sitt førstespråk og vert leia av rettleiar med same morsmål, samt ein etnisk norsk rettleiar.

– Det har vore særs givande å vere med å utveksle tankar og idear med så mange entusiastiske deltakarar, fortel Patrick O’Loughlin, teamleiar for fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon. Han leiar opplæringa saman med Vibeke Heitmann frå BUFetat Bergen og Chiku Ali frå RVTS Vest. – Vi ser fram til dei to siste kursdagane, 17. – 18. januar 2013!
[divider type=”shadow”]
20. og 21. mars arrangerer Bufetat og RVTS Vest kurs i kulturkompetanse knytt til ICDP-programmet. Dette er for deg som er rettleiar i basisprogrammet og som i tillegg arbeider med familiar av annan etnisk bakgrunn enn norsk. Du som er rettleiar i minoritetsprogrammet og ynskjer oppfriskning av kunnskapane dine, kan og delta.
Kontakt vibeke.heitmann@bufetat.no for nærare informasjon og påmelding.
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.
Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.