Aktuelt
Nytt lys på komplekse traumer hos barn og unge
- 10/03/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Det vert stadig meir fokus på samanhengen mellom komplekse traumer hos barn og unge og nyare utviklingspsykologisk forskning.
Sentrale fagmiljø over heile verda er oppteken av å sjå denne samanhengen, og Noreg er ikkje eit unntak.
Dag Ø. Nordanger og Hanne C. Braarud fekk i 2012 utdeltBjørn Christiansens minnepris for 2011 for artikkelen; «Kompleks traumatisering hos barn: En utviklingspsykologisk forståelse». Samstundes har artikkelen «Developmental trauma disorder: En løsning på barnetraumatologifeltets problem?» (Dag Ø. Nordanger m.fl) fått mykje merksemd, også i våre naboland.
Fagkronikken «Utvecklingspsykologin som integrativplattform», vart nyleg publisert i Psykologtidningen, det svenske motsvaret til Tidsskrift for Norsk Psykolgforening. I denne kronikken vert den nye faglege orienteringa innan komplekse traumer hos barn og unge presentert, med mange referansar til den norske artikkelen om developmental trauma disorder (DTD).
Samstundes er RVTS Sør oppteken av dette og gode på å gje språk til denne nye tenkninga. I artiklar og små filmsnuttar formidlar dei på ulike måtar korleis traumeforståinga og utviklingspsykologien kan gå hand i hand. Les Traumer + utviklingspsykologi på RVTS Sør sine nettsider.
Lenker:
Nordanger, D, Braarud, H (2011). Kompleks traumatisering hos barn: En utviklingspsykologisk forståelse Tidsskrift for Norsk Psykologforening
Nordanger, D, Braarud, H, Albaek, M & Johansen, V (2011). Developmental trauma disorder: En løsning på barntraumatotgifeltets problem? Tidsskrift for Norsk Psykologforening
Utvecklingspsykologin som integrativ plattform av Jan-Olov Karlsson