Kurs

Under finn du ein oversikt over nokre av våre kurstilbod.

Avdekkande samtalar med barn

Dette kurset handlar om korleis snakke med barn for å avdekke kva det er som gjer oss bekymra.

Frå bekymring til handling

Er du bekymra for eit barn? Gjer noko med det. Gjennom å ta dette kurset får du kjennskap til kva du skal gjere dersom du er bekymra for eit barn.

Førstehjelp ved sjølvmordsfare (VIVAT)

Kurset gir kompetanse på å sjå og møte menneske i sjølvmordsfare. Les om kurset på Vivatselvmordsforebygging.

Kriseteamskulen

kompetanseheving for kommunale psykososiale kriseteam. Sjå meir informasjon.

Kultursensitivitet

Kultursensitivitet i arbeid med barn, vaksne og familiar med flyktning/etnisk minoritetsbakgrunn.

Mobbing og sjølvmord

Kurset tek for seg konsekvensar av mobbing, og korleis fange opp signal på at eit barn blir mobba, med mål om å førebyggje at sjølvmord skjer.

Nyare traumeforståing

Traumebevisst tilnærming. Kva bør vi vete i arbeid med barn, vaksne og familiar med flyktningbakgrunn.

Portnerkurs

Å møte den sjølvmordsnære barn og unge. Fagpersonar med ulik bakgrunn får kunnskap og ferdigheiter som gjer dei betre i stand til å møte sjølvmordsnære.

Temadagar om flyktningar

Hensikten med temadagane er å setje fokus på viktige problemstillingar knytta til arbeid med flyktningar. Kvar temadag inneheld undervising i eit relevant tema, utveksling av erfaringar og praksisnære diskusjonar.