Aktuelt
Korleis takle utfordringar i arbeidskvardagen?
- 27/10/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt

Å jobbe i NAV kan og vere forbunde med å møte menneske i krise. Av og til møter ein også aggressive brukarar.
NAV i Fyllingsdalen, både NAV stat og NAV kommune hadde eit seminar med fokus på slike utfordringar i arbeidskvardagen. Geir Olsen i fagteam vald og seksuelle overgrep underviste.
Geir har lang erfaring med denne type problematikk, og er oppteken av korleis møte og handtere vald og aggresjon på ein god måte. Vi snakka med Geir om kva undervisninga gjekk ut på:
- Geir Olsen.
– Mange konfliktar oppstår i møte med noko som skjer akutt, kor vi har begrensa tid på å fatte ei beslutning. Det vart difor brukt tid på å prate om korleis vi kan opptre i slike situasjonar. Vi hadde fokus på korleis unngå å eskalere ein kritisk situasjon, samt korleis unngå at ein situasjon vert til ein kritisk situasjon, seier Geir.
– Når mange personar jobbar saman er det viktig å hugse at vi opplever ting ulikt og at vi har ulike ting med oss i bagasjen. Ting som kan påverke oss når vi snakkar om utfordrande situasjonar. For å verte merksam på dette hadde vi gruppearbeid, kor vi saman reflekterte over dei opplevingar som vart delt.
– Frå tid til annan dukker det opp bekymringar i samband med utfordrande situasjonar og personar. Ein kan bli usikker på om sikkerheita er i fare. Difor hadde vi ein gjennomgang om risikovurdering, både fenomenforståing og praktiske hjelpemiddel.
– I eit miljø med mange belastningar av ulik karakter er det også viktig å tenkje på hjelp til dei som skal hjelpe. Korleis kjenne igjen teikn på belastningar og korleis agere etter ein kritisk situasjon slik at alle aktørar får den oppfølging og ivaretaking som det er behov for. Difor avslutta vi dagane med fokus på oppfølging og ivaretaking.
Leiarane i NAV Fyllingsdalen, Jannecke Larsen og Laila Thorsen, seier følgjande om undervisninga:
– Som leiarar er vi veldig godt nøgd med konferansen. Geir er utan tvil ein dreven og særs solid innleiar. Det var lett å følge han og tema som vart teke opp er særs relevante for oss i NAV.
- NAV Fyllingsdalen på seminaret “Hvordan takle utfordringene i arbeidshverdagen og oppnå gullklokka i NAV?”
Deltakarane om undervisinga
Behagelig å høre på, inspirerende, engasjerende, eksempler fra egen praksis gjør det interessant, flink til å overføre kunnskap til praktiske eksempler som er gjenkjennelige i NAV hverdagen.
Tar opp et alvorlig tema på en veldig ok måte.
Bevisst på egne ressurser og verktøy. Inspirert til å ta initiativ til mer/bedre kollegastøtte.
Nyttig å få en bekreftelse på at andre har samme erfaringer, tanker og følelser.
Mye av det som ble sagt kan konkret brukes i arbeidshverdagen vår.
Dersom vi kommer opp i situasjoner av dette slag, har vi reflektert rundt dette og forhåpentligvis forhindrer uheldige situasjoner.