Aktuelt
Kompetanseprogrammet “Bli ein grupperettleiar”
- 04/05/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Kurskalender

Vi inviterer til eit kompetanseprogram om prosessrettleiing i faggrupper som erfarer utfordrande eller dramatiske situasjonar, for eksempel akuttavdelingar innanfor helse-og sosial eller politiet.
RVTS Vest får ofte førespunader om å bidra med grupperettleiing for å forebygge og redusere langvarige reaksjonar som kan prege fagpersonar, til dømes utbrenthet og utmattingssyndrom. Deltaking på kompetanseprogrammet vil gi motiverte ansatte i politiet eller på akuttavdelingar i spesialisthelsetenesta grunnlag til å bli grupperettleiar. Programmet vil være praktisk retta med aktuell teori, gode verktøy og praktisk trening. Det er mykje som kan gjerast for å førebygge eller dempe at fagpersonar får langvarige reaksjonar. Eit trygt og godt arbeidsmiljø, kollegastøtte, god leiing, prosessrettleiing og ivaretaking av seg sjølv er viktig.
Målgruppe:
Ansatte i politi eller akuttavdelingar i spesialisthelsetenesta.
Program:
21. november: 10.00 – 18.00
Tematikk: Presentasjon og avklaring av forventningar, hjelperen sine reaksjonar på kort og lang sikt, sjølvhjelp, å ta vare på hjelparen
22.november: 09.00 – 18.00
Gruppeveiledning- form og innhald- metoder: reflekterende team-modell, etisk refleksjonsrettleiing, temabasert
23. november: 09.00 – 14.00
Form og innhald, metoder: reflektarende team-modell, etisk refleksjonsrettleiing, temabasert
Pedagogisk metode:
Presentasjonar, erfaringsdeling, øving
Fagansvarleg:
Venke A. Johansen, dr. polit. og intensivsykepleier, RVTS Vest
Linda Thomassen, klinisk vernepleier, mastergrad i relasjonsbehandling, RVTS
Reidun Dybsland, barnevernspedagog med mastergrad i barnevern
Deltakeravgift: kr 4000 som inkluderer dagpakker.
Reise og opphold kommer i tillegg Det er et maks antall på 24 deltakere
Stad: RVTS Ulriksdal 2 5018 Bergen
Bindende påmelding innen 5.november