Auka kunnskap og refleksjon rundt våre haldningar og handlingar er nødvendig for å redusere dei høge sjølvmordstala i Noreg. Dette krev ein koordinert innsats både på individ- og samfunnsnivå.
LEVE Sogn og Fjordane, i samarbeid med LEVE Hordaland, Unge LEVE og RVTS Vest, inviterer til konferansar med fokus på sjølvmordsførebygging og oppfølging av etterlatne.
Innhaldet i konferansane er utforma som ein heilskap, både kvar for seg og samla. Alle er velkomne til å delta begge dagar. Sjå forelesarane.
12. september
Alexandra hotel, Loen i Stryn kommune/Nordfjord
Konferansen er særskilt retta mot fagfolk og fokuserer på førebyggande arbeid før sjølvmord.
13. september
Alexandra hotel, Loen i Stryn kommune/Nordfjord
Konferansen er særskilt retta mot etterlatne, råka og pårørande, med fokus på meistring og førebygging av psykiske problem etter sjølvmord.
Konferansen den 13. delast inn i grupper for unge (15-35 år) og vaksne. Du som er i gruppa ung, melder deg på i eget skjema under .
Laurdag den 13. september, frå 16.45-17.30, er det intimkonsert og samtale. Frivilleg/alle samla.
Chiku Ali er spesialkonsulent ved RVTS Vest, der ho har særleg fokus på kompetanseheving for hjelpeapparatet når det gjeld delen av befolkninga som ikkje er etnisk norske. Chiku er utdanna VIVAT-instruktør, og er elles oppteken av kultursensitivitet i møte med sjølvmord hos menneske med etnisk minoritetsbakgrunn.
Bergljot Gjelsvik er psykolog og forskar ved Psykologisk institutt, UiO, og Universitetet i Oxford. Ho jobbar òg som psykolog på Diakonhjemmet sykehus, og underviser ved profesjonsstudiet i psykologi ved UiO. Ho forskar på kva som gjer at livet for nokon ikkje er til å bere, og korleis vi kan forstå overgangen frå suicidale tankar til handling. I 2023 gav ho ut boka Inn i krisen (Gyldendal) om møter med menneske i suicidale kriser. Mange menneske som står i suicidale kriser føler seg ikkje møtt i helsevesenet. Forsking viser at helsepersonell ofte opplever tematikken som svært utfordrande. Kvar blei det av fokuset på opplevinga i krisa, og dei levande møta med menneske som står midt oppi det? Og kvifor kvier vi oss for å gå nær intens affekt? I dette foredraget utfordrar Gjelsvik den tradisjonelle risikotilnærminga til suicidale kriser, og viser korleis det å gå nærare inn i stormens midte kan gi andre perspektiv og kunnskap.
Oddvar Vignes er forfattar og utdanna agronom med ein EMBA frå Universitetet i Stavanger. Han har overtatt heimgarden på Finnøy utanfor Stavanger, er ekstremt godt gift med to born på 1 og 3 år. Til dagleg jobbar han som rådgjevar i Rogaland Bondelag, driv og gard med sau og har eit selskap som driv med underhalding og foredrag. Innlegget til Oddvar baserer seg på livet før og etter sjølvmordsforsøket hans i 2009. Innhaldet er alvorleg men vert formidla med livsglede og humor. Foto: Jan Inge Haga
Kjetil Siem var far til fire. Men i januar for to år sidan tok den 29 år gamle Marin – på sin eigen bursdag – livet sitt etter mange år med psykiske lidingar og bipolar diagnose. Trass eit rikt liv som velfungerande og flink sjukepleiar samt eit stort og rikt nettverk og vennekrets, var og blei det for mørkt til slutt. Korleis er det for ein far å få beskjed om at "dette kjem ikkje til å gå pappa" og sidan sjå sysken miste ei søster og leve vidare med eit sakn og tomrom ingen utanfor kan forstå.
Frå 1997 jobba han ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og –forebygging i Oslo innan psykisk helse i arbeidslivet. Deretter var han over 15 år i Forsvaret som fagansvarleg innan fleire HMS-relaterte tema. I 2020 starta han som HR-sjef i Stryn kommune, ei stilling han hadde fram til han byrja i RVTS Vest. Han har samarbeidd med dr. philos Kari Dyregrov, noko som resulterte i danninga av LEVE. Han har vore med i LEVE sentralt og i LEVE Sogn og Fjordane sidan oppstarten i 2000. Han har også vore medlem i kriseteamet og hatt mange oppfølgingssamtalar med etterlatne og unge. Han har undervist på høgskular, vidaregåande skular og for kriseteam innan sjølvmordsrelaterte tema.
Jobbar som fagansvarleg for Unge LEVE, ungdomsavdelinga i LEVE – landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord. Det er ein landsdekkande organisasjon med føremål om å støtte etterlatne og råka ved sjølvmord. LEVE ønskjer òg å bidra til å førebyggje sjølvmord gjennom openheit, opplysningsverksemd og politisk arbeid. Unge LEVE er for dei mellom 15-35 år som har opplevd å miste nokon i sjølvmord, eller som ønskjer å støtte arbeidet vårt. Veronica er utdanna helsesjukepleiar, har ulike arbeidserfaringar i møte med menneske som sjukepleiar, slik som akuttpsykiatrisk avdeling ved Akershus Universitetssjukehus og har ei bistilling i dag i oppsøkande ungdomsteam i Lillestrøm kommune. Veronica er styremedlem i Sorgstøttealliansen for LEVE. Dei siste åra har Veronica møtt mange ungdommar og unge vaksne som har opplevd å miste nokon i sjølvmord gjennom arbeidet i Unge LEVE.
Arbeider ved VID høyskole som høgskulelektor, han har mellom anna ansvar for ei vidareutdanning i sorgstøttearbeid. Knut er òg tilknytt Akershus Universitetssykehus der han leier eit prosjekt om sorgstøttearbeid i Ukraina, og han har ei bistilling ved UiO der han underviser i behandling av forlenga sorgliding. Knut har arbeidd full tid med sorgstøttearbeid i 20 år, mesteparten av tida ved «Poliklinikk Sorgbehandling» ved Akershus Universitetssjukehus. Han er òg leiar av sorgstøttealliansen, eit kompetansenettverk for fag- og likepersonar som møter etterlatne og pårørande.
Rita arbeider som rådgjevar innan førebygging av sjølvmord og sjølvskading, samt traumer, ved RVTS Midt. Ho har òg ei bistilling i Vivat sjølvmordsførebygging. Med utdanning som psykiatrisk sjukepleiar og ein mastergrad i helsevitenskap, har Rita lang erfaring frå psykisk helsevern, der ho har jobba med både vaksne og barn. Ho har vidareutdanning innan rettleiing, kognitiv terapi, sorgterapi og yogaterapi. I tillegg er ho aktiv i Leve, der ho sit i sentralstyret og bidreg med undervisning for likepersonar.
Mamma til ungdomane Eline (15) og Hanna (13). Mista vår Erik – sambuar og pappa til jentene våre – i sjølvmord i 2019. Jobbar som spesialsjukepleiar i rus og psykiatritenesta i Sogndal kommune. Styremedlem i Leve Sogn og Fjordane Kari vil snakke om “Livet vidare som etterlatt sambuar, og mor til to små”.
Tid | Program | |
---|---|---|
08:20 | Registrering | |
09:00 | Velkomen. LEVE Sogn og Fjordane/Hordaland/RVTS Vest | v/ Nils-Petter Hauge |
09:10 | Kulturelt innslag | |
09:15 | Offisiell åpning | |
09:20 | Møtested: “Inn i krisen” | v/ Bergljot Gjelsvik |
10:20 | Pause | |
10:40 | Møtested: “Inn i krisen” forts. | v/ Bergljot Gjelsvik |
12:00 | Lunsj 1 time | |
13:00 | “Selvmord og Flyktninger - en kultursensitiv tilnærming” | v/ Chiku Ali |
14:00 | Pause | |
14:20 | “Før og etter: kunne noe ha hindret selvmordsforsøket?” | v/ Oddvar Vignes |
15:10 | Kort pause | |
15:20 | “Hva slags liv er det etter selvmords-døden for en etterlatt pappa? Om sorg, savn og aksept” | v/ Kjetil Siem |
16:15 | Avslutning |
Tema | ||
---|---|---|
08:30 | Registrering | |
09:00 | Velkomen | LEVE |
09:05 | Kulturelt innslag | |
09:10 | “Å leve vidare utan mann og pappa” | v/ Kari Hollekve |
09:45 | "Du er ikke skapt før du er død. Om sorgutrykk og smerten” | v/ Chiku Ali |
10:45 | Pause | |
11:00 | “Livet som etterlatt pappa. Om sorg, savn og aksept”. | v/ Kjetil Siem |
12:00 | LUNSJ | |
13:00 | “Livet etter selvmordsforsøket. Tilbakeblikk og refleksjon” | v/ Oddvar Vignes |
14:00 | Pause | |
14:20 | “Inn i krisen - etterpå” | v/ Bergljot Gjelsvik |
16:15 | Takk for i dag | LEVE |
v/ Nils-Petter Hauge |
Klokkeslett | Tema | Bidragsyter |
---|---|---|
09:00 | Registrering | |
09:30 | Velkommen v/ Unge LEVE | Veronica Halvorsen, Nina Deckers |
Tema: Tankemessige, kroppslege og relasjonelle reaksjonar etter sjølvmordet. “Sorgsalaten” | Knut Andersen, Rita Småvik | |
Workshop | ||
Pause | ||
12:00 | Lunsj | |
Tema: Å leve vidare med tapet – korleis skape nye mønstre som er gode for meg | ||
Workshop | ||
Pause | ||
15:30 | Høgttenking: kva tenker dere på? | |
16:15 | Avslutning | Nina Deckers, Veronica Halvorsen, Unge LEVE |