Aktuelt
Hjelparar i møte med media
- 12/09/2013
- Av: rvts
- Kategori: Aktuelt Traume Undervisning

RVTS Vest har dei siste åra hatt eit godt samarbeid med Fylkeslegen i Rogaland om å arrangere nettverkssamlingar for alle som er involverte i psykososialt oppfølgingsarbeid i Rogaland.
29. august var representantar frå fleire kriseteam, kyrkja og familievernkontoret i Rogaland samla i Statens hus hos Fylkesmannen i Rogaland for å dele utfordringar og problemstillingar dei ulike kriseteama og familievernkontoret står oppe i og korleis dei tek vare på kvarandre når det oppstår kriser.

Hovudfokus for dagen var korleis handtere media når det oppstår kriser og katastrofer. Hjelparar kan oppleve det som utfordrande å forholde seg til media samstundes som dei skal følgje opp pårørande eller råka.
Nyheitsredaktør i Stavanger Aftenblad, Carl Gunnar Gundersen, var til stades og gav deltakarane eit innblikk i korleis Stavanger Aftenblad arbeider når det skjer større kriser og katastrofer. Han peika på media sitt samfunnsansvar når det gjeld å dekke denne type hendingar, og viste til media sin strenge sjølvjustis i slike saker.

I tillegg hadde kriseteama i Eigersund og Klepp innlegg om sine erfaringar med å handtere media når dei står midt i ei krise. – Det er vanskeleg å formidle til media når ei krise oppstår. Korleis ivareta dei pårørande og samtidig få fram fakta til media er sentralt å spørje seg i krisetid, sa Arne Ove Østebrøt, kriseteamleiar i Eigesund kommune.
Dette sette i gang ein diskusjon kring det at media kan vere ein medspelar og ikkje ein motspelar når krisa er ute, og både Gundersen og fylkeslege Pål Iden kom med gode råd om korleis ein kan nyttegjere seg av, og snakke med media i krisetid.
Erfaringar med nettverkssamlingane

Vi spurte Helga Tengs-Pedersen og Ellen Marie Kalberg, begge frå Kriseteamet i Klepp, om deira erfaringar med desse nettverkssamlingane:
Korleis har de hatt nytte av desse samlingane?
– Vi har prioritert desse samlingane høgt. Vi har hatt nytte av erfaringsoverføringane, av å lytte til kva andre gjer, korleis dei jobbar i kriseteama og ikkje minst korleis dei er organisert. Vi har brukt samlingane til å få fagleg input, særleg nyttig med kominasjonen erfaring og den kunnskap RVTS kan gje oss direkte frå forsking/ny kunnskap. Vi har brukt og vidareført mykje kunnskap til vårt innsatspersonell i kriseteamet i Klepp. Det har vore viktig at det er våre erfaringar som har hatt fokus og at dagane er lagt opp etter våre behov. Vi har kanskje lært mest gjennom dei gode diskusjonane på desse dagane.
Har det vore eit ønskje eller sakn å møtast på denne måten med dei andre kriseteama?
– Ikkje umiddelbart, men samlingane med dei andre kriseteama har vore svært nyttige. Det er ein arena vi kan bruke til erfaringsutveksling som vi ellers ikkje ville hatt. I ei krise kan det også vere mennesker frå forskjellige kommunar som er ramma. Det styrker krisearbeidet å kjenne til dei andre kriseteama.
Og så vi vil gjerne nemne Kriseteamskulen. Dette har vore eit flott supplement for oss i Klepp. Vi har hatt mange innsatspersonell på skulen. Vil gjerne at dette vert vidareutvikla.
Av Sylvia Haukanes