Aktuelt
Framleis for lite kunnskap innanfor traumefeltet
- 14/01/2014
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Førebygging Psykisk helse Traume
Nyleg hadde vi gleden av å vere vertskap for professor Miranda Olff, nyvald president i ISTSS.

Nære samarbeidspartnarar var invitert, og Miranda gav deltakarane eit innblikk i den nyaste forskinga som foregår innanfor traumefeltet.
Hovedbodskapet i førelesinga var at vi framleis ikkje veit nok, det er viktig med vidare forskning knytta til diagnosar, tidleg intervensjon og behandling. Og ho framheva viktigheita av samanhengen mellom biologiske og psykologiske intervensjonar.

– RVTS Vest har i ei årrekkje hatt eit nært samarbeid med Miranda Olff, seier Venke A. Johansen, dr.polit og fagutviklar ved RVTS Vest. Heilt sidan vi starta opp i 2006, har vi hatt jamnleg kontakt med Miranda. Ho har vore her og undervist fleire gongar og vi har hatt samarbeid med henne om fleire forskningsprosjekt. Blant anna i forhold til EU-prosjektet TENTS (The European Network for Traumatic Stress), der eg og Dag Ø. Nordanger deltok og som ho var leiar for. Vi set stor pris på Miranda; Ho er ein stor fagleg kapasitet, men har òg blitt ein god ven for senteret. Ho er engasjert, omgjengeleg og inkluderande.
Miranda vart nyleg vald som president for ISTSS – International Society for Traumatic Stress Studies, og vi er glade for å ha vidare samarbeid med henne gjennom KAKTUS-nettverket*.
*KAKTUS er eit nettverk/fagfellesskap som har som formål å forbetre kartlegginga av symptomar på utviklingstraumer/komplekse traumer hos barn og ungdommar. RVTS Vest held på å utvikle ei nettside om KAKTUS-nettverket.
Fakta om Miranda Olff
Tilsett ved Avdeling for psykiatri, Akademisk-medisinsk senter, Universitetet i Amsterdam, og Arq Psychotrauma Expert Group, Nederland. Ho er tidlegare president for ESTSS (European Society for Traumatic Stress Studies) og «editor-in-chief» for The European Journal of Psychotraumatology. Hennar kliniske erfaring og forskning spenner seg over fleire tilnærmingar og temaområder innanfor feltet traumatisk stress. Ho har CBT-utdanning, hypnoterapi, Brief Eclectic Psychotherapy for PTSD og EMDR. Forskinga hennar spenner seg frå tidleg intervensjon, psykoterapi og behandlingsstudier til bildediagnostiske og nevroendokrine studier på PTSD. Ho har koordinert store EU-finansierte prosjekt (t.d TENTS og TENTS-TP); pågåande studier på effekten av sosial støtte og oxytocin. Hennar seinaste forsking fokuserer på Tilknytning etter traumer. |