Aktuelt

Eitt av regjeringa sine sentrale virkemidlar for å møte utfordringane innan psykisk helse, rus samt vald- og traumefeltet er å styrkje kvalitet og kompetanse i kommunane.

relax-1276639_1920Ein av fleire satsingar for å oppnå dette har vore å stimulere til fleire psykologar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Det har vore ei markant auke i talet psykologstillingar dei tre siste åra, men det er framleis mange kommunar som oppgir at dei ikkje har psykologkompetanse.

Tilskuddsordninga må difor vidareførast for å sikre at rekrutteringstempoet aukar og at kommunale psykologtilbud blir tilgjengelege over heile landet ved innføring av lovkrav om psykologkompetanse. Det vert teke sikte på at lovkravet trer i kraft frå 2020.

Dette er eit naudsynt tiltak for å utjevne dei til dels store geografiske variasjonane i kompetanse og kvalitet og kan bidra til ein generell utvikling i det lokale psykiske helsearbeidet og rusarbeidet, samt vald- og traumefeltet.

Kjelde: Helsedirektoratet

Viktig:

Fylkesmannen har overtatt forvaltninga av tilskuddet for Helsedirektoratet. Kommunane skal sende søknad samt rette øvrige henvendingar til sin Fylkesmann (www.fylkesmannen.no) . Det er laga nytt regelverk for tilskuddsordninga som gjeld frå i år. For å skrive ein god søknad er det viktig at ein kjenner regelverket for tilskuddet.  Regelverket kan lastast ned, saman med ein «Veiledning til regelverket». Fylkesmannen kan bistå med råd og veiledning ved behov.

Her er kunngjøringa med all naudsynt informasjon