Aktuelt
Engasjerte og inspirerte førstehjelparar
- 14/11/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Førebygging Sjølvmord Sjølvmordsførebygging

Kursleiarane i Førstehjelp ved sjølvmordsfare i region vest var nyleg samla i Bergen
Fokus for dagen var erfaringsdeling når det gjeld å arrangere kurset Førstehjelp ved sjølvmordsfare, med fokus på annonsering og rekruttering. Korleis går ein fram når ein skal arrangere Førstehjelp ved sjølvmordsfare? Korleis få ut informasjon?
– Ting gjer seg ikkje sjølv, ein må vere på «hugget», sa Marianne Strandos, som førelas om sine erfaringar etter å ha arrangert kurs i Sogn og Fjordane i fem år. Ho og venninna Marte Igelkjøn har starta eit firma i lag som arrangerer Førstehjelp ved sjølvmordsfare.
Marianne er ei særs engasjert ung dame som brenn for sjølvmordsførebygging. Ho deler villig sine erfaringar med dei andre kursleiarane; – God planlegging er nøkkelen! Tenk på lokalitet; det er viktig å velge ein stad der folk kjem, til dømes nær ein stor arbeidsplass. Og tenk på kvar behovet er størst. Dersom ein kommune har hatt ei traumatisk hending, er det lurt å gje tilbod om kurs der då folk kan sjå nytteverdien betre.
Tipsa kjem som perler på ei snor, og kursleiarane noterer flittig.
– Send e-post, send post, ring og møt opp personleg. Vi bruker mykje tid på dette i forkant av eit kurs, men det er verdt det! Ikkje mist motet sjølv om det ikkje går slik ein hadde tenkt. Det er berre å forsøke å gjere det betre neste gong. Bruk facebook og andre sosiale medier, knytt kontaktar og ta kontakt med lokalavisa.
Alle er einige om at dette kurset er så viktig at det bør løftast meir fram i offentlegheita. Kursleiarane har mange gode og STORE idear om korleis få meir blest om kurset. Helse- og omsorgsminister Bent Høie vert drege fram som ein sjølvsagt annonsør.
Etter endt dag var det ein gjeng engasjerte kursleiarar som hadde fått inspirasjon til å gå i gang med nye kurs.
Vi tok ein prat med Marianne om hennar engasjement for sjølvmordsførebygging og dette kurset.
Kva er det som gjer at du synes det er så givande å halde kurs?
– Fordi det er eit viktig tema! Sjølvmord er framleis eit tabu tema som mange ikkje ønskjer å «ta» i. Eg saknar eit synleg engasjemet kring tematikken. Det er mange som er oppteken av det, men ikkje alle som tør. Det må ildsjeler og personleg engasjement til. Ein kan ikkje sitte og vente på at det offentlege skal ta tak og legge til rette, ein må ta tak i det sjølv som medmenneske og fagperson. I tillegg har eg erfaringar med sjølvmord både privat og i jobbsamanheng, som nok har vore med å styrke engasjementet mitt.
Kvifor skal folk melde seg på eit kurs i Førstehjelp ved sjølvmordsfare?
– Fordi sjølvmord er eit folkehelseproblem og ein treng kunnskap og eit verktøy for å hjelpe desse menneska. På ein arbeidsplass der ein jobbar med menneske, til dømes eit helseføretak, er det rutinar og obligatoriske øvingar og kurs når det gjeld brann og HLR. Eg lurer på kor mange som har det når det gjeld sjølvmordsfare? Erfaringsmessig har eg sjølv vore oftare hjelpar for ein person i sjølvmordsfare, både jobb og privat, enn eg har vore borti brann og hjertestans, just sayin’.
[box style=”grey”]
Fakta om VIVAT selvmordsforebygging
VIVAT er eitt av Helsedirektoratet sine sjølvmordsførebyggande tiltak.
Målet er å spre kompetanse om førstehjelp ved sjølvmordsfare. Dette vert gjort ved å gje fagpersonar med ulik bakgrunn kunnskap og ferdigheiter slik at dei betre kan hjelpe mennesker i akutte sjølvmordskriser. Kjelde: VIVATselvmordsforebygging [/box]
Relevante lenker
Oversikt over kvar det går kurs i Førstehjelp ved Sjølvmordsfare
RVTS Vest arrangerer kurs i førstehjelp ved sjølvmordsfare 26.-27. februar 2014. Meld deg på!
Sjå filmen om Førstehjelp ved sjølvmordsfare