Aktuelt
23.04.25: Fagdag om ungdom utnytta til kriminalitet
- 30/01/2025
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Kurskalender

Barn og unge som gjer kriminelle handlingar gjer det ofte saman med andre.
Sjølv om dei får fordelar av kriminaliteten, kan dei også bli utnytta av eldre ungdom eller kriminelle nettverk. For å gi riktig hjelp til barn og unge som gjer kriminelle handlingar, er det viktig å forstå kva som ligg bak. Dersom kriminaliteten ikkje berre skuldast eige ønske om vinning, rus eller åtferdsproblem, men også at det er vanskeleg å trekke seg ut på grunn av press, gjeld, vald eller truslar, kan ungdommen trenge andre former for beskyttelse og bistand. Dette er viktig både for å ivareta barnets beste og for å førebyggje vidare kriminalitet.
Innhald i fagdagen

Fagdagen blir arrangert i samarbeid med RVTS Øst, som har gitt ut handboka «Ungdom utnytta til kriminalitet – Kunnskap og praktiske råd for fagpersonar som jobbar med ungdom» saman med SaLTO-sekretariatet i Oslo kommune. Line Ruud Vollebæk (spesialrådgivar ved RVTS Øst) vil gi ei innføring i kva utnytting til kriminalitet er, korleis slik utnytting kan vere ei form for menneskehandel, og kva betydning det har for korleis vi bør møte ungdommane. Korleis blir ungdom rekruttert og utnytta til kriminalitet i Noreg, og korleis kan hjelpeapparatet i slike situasjonar førebyggje, avdekke og gi ungdom god og heilskapleg oppfølging? Handboka og fagdagen er basert på erfaringsbasert kunnskap innhenta hos norske fagpersonar som jobbar tett på ungdom involvert i kriminalitet, supplert med forsking og erfaringar frå andre land (særleg Sverige og Storbritannia).
Vi vil også få høyre om lokale erfaringar, og det vil bli gruppeoppgåver og diskusjonar undervegs gjennom dagen.
Tips: Vi arrangerer også ein fagdag om utnytting og menneskehandel tysdag 22. april, med fokus på utnytting og menneskehandel generelt, samt utnytting i samband med migrasjon og/eller vald i nære relasjonar. Det er mogleg å delta begge dagane, men det er ikkje nødvendig å delta 22. april for å ha utbytte av denne dagen.
Målgruppe:
Alle som jobbar med ungdom i risiko og/eller ungdom involvert i kriminalitet, til dømes politiet, SLT, utekontaktar, barnevernet, helsetenesta, fritidsklubbar, skuletilsette, NAV, Konfliktrådet, Kriminalomsorga, forsvarsadvokatar m.m.
Program:
09.00 – 09.10 Velkommen, og intro for dagen (v/ RVTS Vest og RVTS Øst)
09.10 – 09.30 Ungdomskriminalitet og ungdom utnytta til kriminalitet – situasjonen i Bergen
09.30 – 10.00 Utnytting av ungdom til kriminalitet: Kva betyr det, og kva har det med menneskehandel å gjere?
10.00 – 10.15 Pause
10.15 – 11.30 Vegar inn: Risiko, rekruttering og kontroll
11.30 – 12.15 Lunsj
12.15 – 13.00 Korleis kan vi førebyggje at ungdom blir utnytta til kriminalitet?
13.00 – 13.15 Pause
13.15 – 14.00 Vegar ut: Korleis kan vi avdekke om ungdom blir utnytta til kriminalitet, og kva tiltak kan vi setje inn for å hjelpe utsette?
14.00 – 14.15 Pause
14.15 – 15.00 Ulike dilemma i arbeidet med ungdom utnytta til kriminalitet – oppsummering
Praktisk
Stad: RVTS Vest kurslokale, Ulriksdal helsepark, 1. etg
Tid: 22. april 2025
Pris: 600,-
Påmeldingsfrist: 8. april