Aktuelt
22.04.25: Grunnkurs om utnytting og menneskehandel
- 30/01/2025
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Kurskalender

Menneskehandel og utnytting førekjem i mange former og på ulike arenaer.
Både utanlandske og norske statsborgarar kan vere bakpersonar og utsette.
Mange av oss møter menneske som er sårbare for utnytting på grunn av fattigdom, migrasjon, funksjonsnedsetjingar, psykiske helseproblem, rusavhengigheit eller andre utfordringar. Dei kan bli utnytta til seksuelle føremål, arbeid, tigging eller kriminalitet. Både kriminelle miljø, familie, vener og kjende kan stå bak utnyttinga.
Innhald i fagdagen
Undervisninga vil gi kunnskap om utnytting og menneskehandel, kven dei utsette er, korleis vi kjenner att teikn på utnytting og kva vi skal, bør og kan gjere for å hjelpe. Dagen vil bestå av undervisning/presentasjonar, oppgåver og diskusjon, blant anna knytt til filmar basert på ein case.

Grunnkurset blir arrangert i samarbeid med RVTS Øst. Line Ruud Vollebæk (spesialrådgivar RVTS Øst) er hovudførelesar, i tillegg vil det bli innlegg frå lokale instansar som er i kontakt med utsette for utnytting og menneskehandel.
Tips: Vi arrangerer også fagdag om ungdom utnytta til kriminalitet onsdag 23. april – særleg aktuelt for dei som jobbar med ungdom som er i risiko og/eller involvert i kriminalitet.
Målgruppe
Fagpersonar som er i kontakt med menneske i sårbare situasjonar, til dømes NAV, helsetenesta, barnevernet, utekontaktar, kriminalomsorga, tiltak for rusavhengige, tiltak for utviklingshemma, ulike lågterskeltiltak, flyktningtenesta og asylmottak.
Program:
09:00 – 09:45 Introduksjon: Grunnleggande om utnytting og menneskehandel
09:45 – 10:00 Pause
10:00 – 11:00 Flukt, migrasjon og utnytting Vold og utnytting i nære relasjonar
11:00 – 11:15 Pause
11:15 – 12:00 Lokale erfaringar: Kva skjer i Bergen?
12:00 – 12:45 Lunsj
12:45 – 13:30 Korleis avdekke utnytting og menneskehandel? Om teikn/indikatorar og framgangsmåte
13:30 – 13:45 Pause
13:45 – 14:30 Kva kan, bør og må ein gjere dersom ein mistenker eller avdekkjer at nokon er utnytta? – Rettar, regelverk og aktuelle instansar
14:30 – 14:45 Pause
14:45 – 15:30 Spørsmål, diskusjon, avslutning
Praktisk:
Stad: RVTS Vest kurslokale, Ulriksdal helsepark, 1. etg
Tid: 22. april 2025
Pris: 600,-
Påmeldingsfrist: 8. april