Aktuelt
07.04.22: Korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep
- 16/03/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Arkiv
RVTS Vest, Statsforvaltaren i Vestland og Rogaland inviterer til introduksjonskurs med tema korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep.
Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Å vekse opp med vald, overgrep og omsorgssvikt aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet.
Barn treng trygge vaksne! På introduksjonskurset vert du kjent med nettressursane snakkemedbarn.no og jegvet.no. «Snakke med barn» og «Jeg vet» kan bidra til at nettopp DU vert ein vaksen som vågar å sjå og tør å handle når du er bekymra for eit barn.
Etter kurset vil du:
- Ha grunnleggande kunnskap om kva som er viktig i samtalar med barn og unge
- Ha god oversikt over dei digitale kunnskapsplattformane snakkemedbarn.no og Jegvet.no
- Ha god kjennskap til simuleringsdelen av snakkemedbarn.no
- Kunne bruke snakkemedbarn.no til undervisning, utvikling og rettleiing i di teneste
- Kunne bruke snakkemedbarn.no til eigentrening og utvikling i samtalar med barn og unge
- Få moglegheit til å melde deg som «Snakke-fadder»
Førelesarar er Områdeleiar/barnevernspedagog Linda Kvalvik og psykologspesialist Steinar Hvål.
Førebuing til kurset:
Vi ønsker at de gjer dykk kjent med nettressursane «Snakkemedbarn.no» og «Jegvet.no». På «Snakkemedbarn.no» er det ein fordel om du har registrert deg. Sjå også filmen «Snakke sammen – hvordan opprette brukerprofil?»
Kurset er gratis og digitalt. Lenkje blir sendt påmelde deltakarar i eigen e-post.
Påmelding skjer på Statsforvalteren i Vestland si nettside.
Relevant:
Snakk med barnet ditt: 4 tips for gode samtalar (film)
5 råd for å trygge barn som er engsteleg for krig (film)
Fredagsfokus: Snakk med barn og krig! (45 min opptak)